Erfaringar

PDF
Skriv ut
E-post
Skrevet av Kyrre Einar Hegg
søndag 28. mars 2010 14:56

Fantaski er eit godt utprøvd produkt. Det har vore utvikla sidan 1992, og vore testa for glid og feste i mange kjende turløp: Birkebeinerrennet, Vasaloppet, Marcialonga, Kønig Ludwig Lauf, Transjurasienne, Skarverennet og Svalbard Skimaraton.

Testing av produktet
Formålet med deltaking i slike renn har heile tida vore å observere glid og feste-eigenskapar i høve til skiløparar på same kondisjonsnivå som testløparen. Slik har ulemper vorte oppdaga og utbetra. 

Siste modell er mykje betre enn dei første prototypane. Ei utvikling tar aldri slutt, men skia er no så gode at alle vil kunne ha glede av dei.

Fantaski på ulike føre
Den største fordelen med Fantaski har ein på vanskeleg 0-føre, og ved vekslande temperaturtilhøve og snøkonsistens.
 På tørt, kaldt føre er fordelen mindre, men det vil aldri vere ei ulempe å gå på Fantaski. Minst nøgde er vi med Fantaski på fokksnø der løypa er føyka att. Då er det betre å gå ut av sporet.

Reaksjonar

"Disse skia er en velsignelse"

"Vi nyter fantaskiene våre i fulle drag"

"Moro å kunne skøyte samtidig som jeg kan gå over i tradisjonell gange"

"Jeg er helt hekta på disse skia"

Sist oppdatert ( torsdag 15. juli 2010 14:49 )