Historia om fantaski
Historia om Fantaski
I 1991 såg ein tannlege og hobbyoppfinnar på Rauland seg lei på eit eldgamalt problem: bakglatte ski. ”Vi menneskje har vore på månen, men har framleis ikkje klart å lage ski som både glir og bit skikkeleg!” Dette paradokset kunne ikkje Arnfinn Hegg leve med. Slik vart Fantaski fødd, ein ny type smørefrie ski.
Bakglatte ski
Bakglatte ski er eit urgamalt problem. Ulike løysingar har vore prøvd for å eliminere problemet, t.d. langski og andor i gamal tid. Dei vanlegaste smørefrie skia i dag, er ski med fiskeskjell-liknande mønster innfrest i solen.
Vanlege smørefrie ski
Marknadsundersøkingar viser at desse skitypane har fleire ulemper; dei har ofte dårleg glid, dei lagar ulydar og festet er ikkje optimalt.
Å smøre ski
Å smøre ski er eit fag dei færraste kan godt nok. Å smøre ski er bryderi. Berre 15% av oss synest det å smøre ski er ei spennande utfordring.
Dårleg glid, dårleg feste
Mange av oss har opplevd sinnet kome krypande og blodtrykket stige ved håplause glipptak på vanskeleg føre. Mang ein familieskitur har blitt øydelagt p.g.a. rasande ungar på ubrukelege ski.
Ein ny type smørefrie ski
Verda treng ein ny type smørefrie ski som kombinerer dei to idealfunksjonane for ski; god glid og godt feste. Etter å ha plundra med sure ungar, klister i skjegget og ulike forslag til løysingar på dette urgamle skiproblemet i fleire år kom idéen: Ei langsgåande to-deling av skisålen, der glideflate og festeflate ligg på ulike nivå. På den måten vil ikkje dei to flatene vere i kontakt med snøunderlaget samstundes. Ideen kom som eit glimt, og slik har fantasi (og hardt arbeid!) utvikla fantastiske ski. Namnet måtte bli FANTASKI!




