Tips om preparering

PDF
Skriv ut
E-post
Skrevet av Kyrre Einar Hegg
mandag 29. mars 2010 18:40

Sjølv om Fantaski er smørefrie, er dei ikkje vedlikehaldsfrie. Vil ein ha god glid må skisolen pleiast regelmessig. På enkelte typar føre må også festefeltet preparerast.

Festeflata
For å unngå is i fellen på vanskeleg føre bør den mettast med eit vatnavstøytande middel. Flytande glider med høgt innhald av fluorcarbon er testa med godt resultat. Manglar du glider, prøv med låsolje, matolje eller smør!

Glidflata
Det er 3 faktorar som påverkar gliden til eit skipar:

  • Spenn: Rett spenn i høve til personen si vekt er det viktigaste. For blaute eller for stive ski bremsar på farten.
  • Struktur (rilling i sålen): Strukturen i skisolen har stor påverknad på gliden. Ski glir best med fine riller på kaldt føre og grove riller på våt snø. Skal ein ha optimal glid på alle typar føre må ein ha fleire par ski, eller eit sett rillejern som ein kan "rille" om til dagens føre/temperatur med. Har du berre eit par ski, er det lurt å velge ein struktur som passar i dei temperaturane ein oftast er ute i. For mange vil det vere - 5 til 0 grader. Gode sportsbutikkar tilbyr sliping av skisole.
  • Glider/glidevoks: For å få god glid må skisålen heile tida vere metta med glider. Å få glideren flytande med smørejern er det beste. Brukar du smørejern må du dekke til festeflata med maskeringstape. I bra sportsbutikkar vil du få gode råd om gliding.

Det er ikkje nødvendig å preparere skia for å få brukbar glid, men ein upreparert sole vil kunne ise på vanskeleg føre. På påskeføre med mykje klister i løypene blir ein dessutan utsatt for "passiv klistring", når klisteret smittar over på den reine sålen. Derfor bør alle i det minste kjøpe ei rensevæske og rense sålen regelmessig. Kjøper du i tillegg ei flaske flytande glider med fluorcarbon som du stryk på sålen etter kvar tur, er det nok for den som ikkje er spesielt opptatt av god glid.

Sist oppdatert ( torsdag 15. juli 2010 14:48 )