Prinsipp og teknikk


Fantaski er eit patentgodkjent skiprinsipp som gjeng ut på å dele skisolen på langs. Ein får då ei glidflate på innersida og ei smal festeflate på yttersida. Glidflata er som på normale ski, medan festeflata har ein strimmel av nylonfell festa til seg. Takka vere ein liten nivåforskjell mellom dei to flatene, kjem festeflata ikkje i kontakt med underlaget når du glir på skia. I fråspraket derimot, legg du vekta på utsida av fotsolen. Då vippar skien slik at nylonfellen kjem i kontakt med snøen. Fellen sørger for feste i dei brattaste bakkar. Samtidig får du optimal glid ettersom du kan halde solen rein for festesmøring.

Fantaski krev med andre ord ei lita justering av fråsparket. Det varierer kor lang tid det tar å venne seg til denne justeringa. Erfaring tilseier at det tar mellom 20 og 50 km. Enkelte klarar det på første turen, medan andre treng litt meir tid til øving. Den som vil får det til!