Produkt

PDF
Skriv ut
E-post
Skrevet av Kyrre Einar Hegg
lørdag 20. februar 2010 18:57

Enkelt prinsipp
Fantaski er eit patentgodkjent skiprinsipp som gjeng ut på å dele skisolen på langs. Ein får då ei glidflate på innersida og ei smal festeflate på yttersida av skia. Glidflata er som på normale ski, medan festeflata har ein strimmel av nylonfell festa til seg. Takka vere ein liten nivåforskjell mellom dei to flatene, kjem festeflata ikkje i kontakt med underlaget når du glir på skia. I fråspraket derimot, legg du vekta litt på utsida av fotsolen, slik at nylonfellen kjem i kontakt med snøen. Fellen sørger for feste i dei brattaste bakkar. Samstundes får du optimal glid ettersom du kan halde solen rein for festesmøring.

Lita justering
Fantaski krev ei lita justering av den klassiske skiteknikken. Når ein skal finne feste må ein vippe foten lett utover slik at festeflata grip i snøen. Det varierer kor lang tid det tar å venne seg til denne justeringa, men erfaring tilseier at det tar mellom 20 og 50 km. Enkelte tar det på første turen, medan andre treng litt meir tid til øving. Den som vil får det til!

 

Fantaski vert produsert med utgangspunkt i vanlege fabrikklaga ski. Prinsippet kan nyttast på alle typar nordiske ski, d.v.s. langrennski, turski og fjellski.

Sist oppdatert ( torsdag 15. juli 2010 14:46 )