Fordelar

Spikerfeste utan festesmøring
Klister på fingrane, klister på bilen, klister på anorakken, klister i håret…Grinete ungar og ampre ektefeller med bakglatte ski… Med Fantaski slepp du alt dette. Gløym alt som heiter festesmøring, med Fantaski har du alltid spikerfeste, uansett føre.

Optimal glid
Med sin heilt reine sole kan Fantaski preparerast som skøyteski, slik at du alltid har optimal glid. Er du av dei som likar utfordringa med å preparere ski? Med Fantaski kan du konsentrere deg heilt og fullt om glidinga.

Ekte fristil
Fråveret av festesmøring gjer også at du på same par ski kan kombinere klassisk og fristil nett som det passar deg. Ta nokre skøytetak når løypetraséen og dagsformen tillet det, og bytt raskt tilbake til klassisk når du vert sliten. Fantaski gjer ekte fristil mogleg!

Meir tid i løypa
Fantaski gjer det enklare å kome seg ut på tur. Midt på vinteren til dømes, når du berre har ein halvtime med dagslys etter jobb før mørkret sig på. Med Fantaski kan du bruke tida effektivt ute på ski i staden for halve tida til smøring.

Meir økonomisk
Kan du tenkje deg å gå rett opp alle bakkar medan andre må ty til fiskebein? Eller gå dobbelttak med fråspark når andre må slite i diagonalgang? Med Fantaski går du meir økonomisk enn andre, noko som gir deg med konkurranseinstinkt store fordelar!